Klagesak på namnesak 2014/2 i Midsund kommune - Gnr. 52 bnr. 2 - Røberg

Statens Kartverk har motteke klage på vedtaket om skrivemåte for namnet på gardsnummer 52, bruksnummer 2 i Midsund kommune. Grunneigarar har saman med lokalsamfunn og kommune klaga på vedtaket om skrivemåten Rødberg. I staden vil grunneigar og kommunestyret ha Røberg som skrivemåte.

Det er Statens Kartverk som har vedtaksrett for skrivemåten. Før det blir gjort vedtak, skal saka etter lova på ei ny høyringsrunde lokalt. Kommunen, eigarar og festarar, samt lokale organisasjonar med tilknytting til namnet, har rett til å uttale seg.

Merknader til klagesaka skal sendast til Midsund kommune, 6475 Midsund, innan 16.02.2015

Adressering - vegnamn på Tautra

Midsund kommune skal tildele gateadresser i heile kommunen. Det fjerde området som skal adresserast er Tautra. Informasjon blir lagt ut på kommunehuset samt på kommunens heimeside, www.midsund.kommune.no

Kommunestyret vedtok sju namn innanfor området i K.sak 1/85, 28.2.1985. Namna blei ikkje sendt over til Stadnamntenesta for Midt-Norge til godkjenning, dermed ikkje godkjente namn.

Tautra er det ein veg som går midt på øya. Forslaget er Tautravegen.

Vegnamna skal godkjennast av Stadnamntenesta for Midt-Noreg, før saka går til kommunestyret for endeleg godkjenning.

Midsund kommune ønskjer at alle vegnamna skal ende på –vegen.

Send dine forslag på vegnamn til Midsund kommune, 6475 Midsund eller postmottak@midsund.kommune.no innan måndag den 16. februar.

 

Teknisk