Attraksjonar

Attraksjonar er det mange av. Bjørneremshellaren, Franskhellaren, helleristningar, riksgrense, hellekiste og kvernhus er alle stader som fortel om busetnad heilt tilbake til oldtida.


Bjørneremshellerane



Bilde: Bjørneremshellarane ligg på Midøya, og funn tyder på at dei første romsdalingane truleg budde her. 





Bjørneremshellarane er fellesnemninga på tre hellarar; Sauehellaren, Geithellaren og Lillehellaren. Hellarane har vesentleg blitt danna ved utgraving av brenningane frå sjøen etter loddrette sprekker i fjellet. Sauehellaren ligg lengst til venstre (mot nord) og omlag 30 m.o.h. Lillehellaren ligg ved fjellfoten omlag 80 m til høgre for Saue-hellaren, og omtrent i same høgde. Følgjer ein fjellfoten oppover frå Lillehellaren mot venstre i omlag 10 meter, kjem ein til Geithellaren. Sauehellaren og Lillehellaren blei delvis utgrave i 1912, og i begge blei det gjort to grupper av funn. Dei fann bein-restar av dyr, fugl og fisk og reiskapar av bein, stein og leire. Det vart og funne eit ribbein av eit menneske. Ein fann og restar av skjelett frå ein bjørn. Funna daterar seg til folkevandringstida, ca. 500 e.Kr. og tyder på at dei første romsdalingane truleg budde her. Alle funn som vart gjort under utgravingane i 1912, vert idag oppbevart på vitskapsmuseet i Trondheim.

Franskhelleren

Franskhelleren på Dryna var gøymestad for 4 unge franskmenn under krigen, vinteren 1944-45.

I denne hellaren, som går ca. 55 meter inn i fjellet, oppheldt fire unge franskmenn seg vinteren 1944/45. Dei var i tysk fangenskap i ein fangeleir på Klauset på innsida av Otrøya, då dei hausten 1944 bestemte seg for å rømme. Dei tok kontakt med lokale folk som dei visste dei kunne stole på, og i samarbeid med desse vart flukta planlagt. Natta til den 22. november 1944 rømte franskmennene, og i ei bukt nærare Midsund vart dei henta med robåt. I mørke vinternatta vart dei rodd til Dryna, der dei fekk mat og varme klede hos familien Sønderland. Deretter vart dei ført vidare til fots til denne hellaren. Etterkvart vart det og bygd ei lita hytte inne i hellaren for å halde den verste kulda og fukta ute. Seinare vart det og satt inn ein vedovn i hytta. Desverre vart hytta tent på nokre år seinare og brant ned. Nordmennene samla inn mat til fransk-mennene, som blei levert kvar tredje natt på ein avtalt stad eit stykke unna hellaren. Franskmennene oppheldt seg i hellaren heilt fram til den tyske kapitulasjonen 8 mai 1945.

Då blei dei henta til Midsund og gjort stor ære på saman med dei lokale hjelparane sine. I ettertid har ikkje hellaren gått under anna nemning enn fransk-hellaren.

Helleristningane




Bilde: Helleristningane på Nord-Heggdal viser ein skogsfugl og ei kveite, og er inngravert i eit berg ved sjøen. 





Desse helleristningane vart oppdaga i 1965 av familien Heggdal som eig hytta like ved. Figurane var heilt dekte av lav og mose, men ein ettermiddag då sollyset fall skrått inn på ein spesiell måte, skimta dei nokre streker. Ved hjelp av sodavatn og stive børster kom dei to figurane tydeleg fram. Kva figurane framstiller er det delte meiningar om. Figuren til høgre er mest sannnsynleg ei kveite som er naturalistisk utført. Dei tydelege brystfinnene og krumminga gir eit levande bilete av ei kveite som slår etter at ho er halt på land eller opp i ein båt. Figuren til venstre er mest truleg eit bilete av ein skogsfugl (tiur, røy eller orre) som det framleis er mykje av i området. Desse ristningane er dei første stein-helleristningane som er påvist i ytre Romsdal.

Kvernhuset
Kvernhuset i Heggdalsvika er frå 1880, og vart brukt til gardskvern.
Restaurert i 1980. 

kvernhuset


















Hellekista
Hellekista på Orset er ei steingrav bygd av steinar og heller. Truleg frå 3000-1800 f. Kr. Oppdaga i 1878.

Riksgrensa

riksgrense

Bilde: Riksgrensa på Midøya var fra 1656 til 1660 ein del av grensa mellom Sverige og Danmark / Noreg. 





Denne mektige stein-garden var i perioden 26.februar 1658 til 27.mai 1660 ein del av riksgrensa mellom Sverige på den eine sida og unionen Danmark/Noreg på den andre. Åra kring midten av 1600-talet var ei uroleg tid i Norgeshistoria. Danmark/Noreg måtte gje frå seg store landområde til Sverige, men den dansk-norske unionen prøvde å vinne dei tilbake med eit angrep i 1657, men tapte. Ved fredsavslutninga i Roskilde 26.februar 1658 måtte Danmark / Noreg derfor gje frå seg ytterlegare landområde til Sverige. I Noreg gjaldt dette Bohuslen og Trondhjemslen. Dette førte til at Norge vart delt i to, og riksgrensa følgde no fogderi-grensa mellom Romsdal og Sunnmøre. Steingarden var det vestlegaste endepunktet på denne riksgrensa. Den 7 august 1658 var krigen igang igjen, og ved freds-avslutninga 27.mai 1660 var Trondhjemslen ført tilbake til Danmark / Noreg, og riksgrensa gjort om til fogderigrense som før. I nyare tid har steingarden vore kommune-grense mellom ulike kommunar. Fram til 1924 var han grense mellom Akerø og Vatne kommunar. Akerø vart då delt i to, og grensa gjaldt no mellom Sør-Aukra og Vatne kommune. I 1965 skjedde det nok ei endring av kommunegrensene. Då vart Sør-Aukra og den delen av Midøya og Dryna som tilhøyrde Vatne slått saman til det som idag er Midsund kommune.




Sist oppdatert: 08.11.05

Levert av CustomPublish AS