Barnehagane i Midsund[1].JPG


Barnehagen skal i samarbeid og forståing med heimen ivareta barna sine behov for omsorg og leik, og fremje læring og danning som grunnlag for allsidig utvikling. Barnehagen skal byggje på grunnleggjande verdiar i kristen og humanistisk arv og tradisjon, slik som respekt for menneskeverdet og naturen, på åndsfridom, nestekjærleik, tilgiving, likeverd og solidaritet, verdiar som kjem til uttrykk i ulike religionar og livssyn og som er forankra i menneskerettigheitane.
 
Borna skal få utfolde skaparglede, undring og utforskartrang. Dei skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen. Borna skal utvikle grunnleggjande kunnskap og ferdighet. Dei skal ha rett til medverknad tilpassa alder og forutsetningar.
 
Barnehagen skal møte borna med tillit og respekt, og anerkjenne barndommens egenverd. Den skal bidra til trivsel og glede i lek og læring, og vere ein utfordrande og trygg stad for fellesskap og venskap. Barnehagen skal fremje demokrati og likestilling og motarbeide all form for diskriminering (Barnehagelova §1 Formål).
 
Midsund kommune har to kommunale barnehagar, Midsund barnehage og Gjerdet barnehage. Begge barnehagane ligg nær Midsund sentrum.
 
Informasjon om den einskilde barnehage finn de i venstre meny.
 

REDUSERT FORELDREBETALING I BARNEHAGE

Makspris på ein barnehageplass er kr 2 730 . Inga husholdning skal betale meir enn 6% av si samla person- og kapitalinntekt. Dersom husholdninga si samla person- og kapitalinntekt er under 486 750 kan ein søkje redusert foreldrebetaling. Det er også muleg å søkje om gratis 20 timar kjernetid for 3, 4- og 5-åringar, og for barn som har utsatt skulestart, om samla person- og kappitalinntekt er under 417 000.

Føresett som søkjer må bu på same folkeregistrerte adresse som barnet. Vedtak om redusert foreldrebetaling kan gjevast for eit barnehageår av gongen. Føresette som har behov for reduksjon i betalingssats må derfor sende inn søknad for kvart barnehageår, med ny dokumentasjon for inntekt.

Beregningsgrunnlag: Beregningsgrunnlaget for redusert foreldrebetaling er husholdninga si samla personinntekt og skattepliktig kapitalinntekt. Bur eit barn fast hos begge føresette, skal foreldrebetalinga regnast ut frå inntekta til den føresette som har same folkeregistrerte adresse som barnet. Det vil seie at beregningsgrunnlaget er inntekt frå føresett som søkjer og ev. ektefelle/sambuar/reg. partnar, sjølv om denne ikkje er føresett til barnet.

Dokumentasjon: Dokumentasjonskrav for inntektsberegning er siste års sjølvmelding. Dersom søkjaren har skattepliktig kapital- eller personinntekt som ikkje står på den førehandsutfylte sjølvmeldinga er ein pliktig å opplyse om desse, slik at inntektsgrunnlaget gjenspeglast i den faktiske skattepliktige person- og kapitalinntekta. Skattepliktige kapitalinntekter er m.a. renteinntekter, aksjeutbytte, gevinst ved sal av eigedom og lausøre, leigeinntekter, bruksrettigheter i kapital og vederlagsfri bruk av andre sine eigendeler.

Klageadgang: Fastsetting av foreldrebetaling kan påklagast Fylkesmannen, jfr forskrift om foreldrebetaling. Klagen skal framsettast for kommunen. Klagefristen er 3 veker regna frå den dagen brevet kjem fram til påført adressat, jfr. Forvaltningslova §29.

Komplett søknad leverast einingsleiar i barnehagen barnet går i innan 1. April 2017
Søknadsskjema PDF document ODT document

 

Viktig melding angåande barn født i november 2016:
Under føresetnad av vedtak i Stortinget vil barn født i november 2016 få rett til plass frå november 2017.
Rett til plass føreset at det er søkt om plass innan frist for hovudopptak  og at barnet har bustadadressa i Midsund kommune når det startar i barnehage.

 
 
 

Lenker:

http://www.udir.no/Barnehage/Rammeplan/?WT.ac=rammeplan&boks=3

https://lovdata.no/dokument/NL/lov/2005-06-17-64

  
 
 
 
 
 
 
 

nullmobbing_815x424_gul_200x104.jpg

Nullmobbing.no er et nettsted for barn, unge og foreldre om mobbing og rettigheter.

 
 
 
Sist oppdatert: 02.12.16