I 2020 skal Møre og Romsdal fylkeskommune legge ut anbod på nytt billetteringssystem for buss og hurtigbåt i regi av FRAM. Vi ønsker derfor å finne ut meir om dei reisande sine vanar og ønsker for betaling på reiser med buss og hurtigbåt.

Ved å svare på spørjeundersøkinga, kan innbyggarane i Møre og Romsdal påverke korleis det framtidige billetteringssystemet skal bli for buss og hurtigbåt i Møre og Romsdal.

Frist for å svare på undersøkinga er 31. desember 2019.

Vi vil gjerne spreie spørjeundersøkinga til så mange som mogleg.

Lenke til spørsmåla:

https://response.questback.com/mreogromsdalfylke/ki7bzlgicf