gjerdet

 
 
 
 
 
 
 
 
 
Gjerdet barnehage har tilsaman 90 plassar for barn i alderen 0-5 år.
 
Opningstid:    0645 – 1645
 
Gjerdet barnehage blei opna 15.9.2011. Barnehagen ligg i ytre-Midsund, nær idrettsanlegg, bibliotek og Midsund skule. I tillegg til å ha eit flott uteområde har vi og varierte turmuligheter til skog, fjøre, myr og mark.
 
Einingsleiar: Birgitta Hole
Ass. styrar: Inger Kristin Ovesen
 
 
Adresse:                  Gjerdet barnehage, 6475 Midsund
Telefon:                    71 27 81 50
Mobil:                        90 09 72 89
e-post:                      birgitta.hole@midsund.kommune.no
                                   gjerdet.barnehage@midsund.kommune.no
 
 
 
Klikk her for prosedyrar for Gjerdet barnehage. 
 
Samarbeidsutvalet for Gjerdet barnehage:

Foreldrerepresentantar:                Borghild Rørset og Margaret Røberg
Vara:                                              Hege Stormyr og Malin Moan Waagsbø

Personal:                                       Aina Hansen og Rois Adoak
Vara:                                             Eldri Jordet og Valerija Kyzike

Eigarrepresentantar:                     Olianne Klauset Nerbø og Audun Hånes
Vara                                              Kristin Heggdal og Ottar Håvik

Sekretær:                                      Birgitta Hole, einingsleiar

 
visjon
 
Organisering

Gjerdet barnehage har 5 baser. Basene er delt etter alder.

Krabben, 1-2 år Pedagogisk leiar Aina Hansen
Kokkeluren, 2 år Pedagogisk leiar Rebekka Haugen
Kråkebollen, 2-3 år Pedagogisk leiar Ann Monica Tangen
Sjøstjerna, 3-4 år Pedagogisk leiar Charlotte Kirkeland
Blåskjellet, 4-5 år Pedagogisk leiar Eldri Jordet

 

Barnehagen er organisert etter ein blanding mellom avdeling og base. Kvar base består av eit stort og eit lite rom. Desse romma er innreidd og har utstyr tilpassa den aldersgruppa som tilhøyrer basen. I tillegg har vi funksjonsrom, som for tiden er: våtrom, rolleleikrom og sanserom. Vi har og eit stort fellesrom, som vi nyttar til ma måltid, fellessamlingar, leik og aktivitetar. I tillegg har vi eit spesialpedagogisk rom som og blir nytta som bibliotek. Ideen vår er at alle barna skal kunne nytte alle romma i barnehagen, samtidig som romma skal vere med på å støtte barna sitt initiativ, kreativitet og leik i grupper.  
 
 

Innhold

Vi i Gjerdet barnehage arbeider etter prinsippet om lyttande pedagogikk. Pedagogisk dokumentasjon, refleksjon, prosjektarbeid og barns medvirkning er sentrale områder her.Barna og personalet tar mykje bilder og dei vaksne skriver praksisfortellinger, som blir gjenstand for refleksjon. Målet er å utvikle vår forståelse av vårt arbeid.
 
Barn kan, vil og veit noko. Barn er nysgjerrige og aktive.
 
Barn lærer gjennom å få gjere eigne erfaringar, utforske og prøve ut, undre seg saman med andre, dele tankar og bli utfordra med spørsmål.
 
                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                 

 

Prosjekt 16/17 – Språk i barnehagen mykje meir enn berre prat og tett på realfag i barnehagen

Når vi jobber med prosjekt, jobber vi i små grupper. Nokon prosjekt kan vare ein dag medan andre kan gå over eit heilt år. Det er barna, saman med den vaksne som bestemmer kor lenge prosjektet skal vare. Gjennom prosjektperioden dukker det opp mange spørsmål frå barna. Vi svarer ikkje direkte på spørsmåla, men undrar oss saman med barna, for saman å komme fram til eit svar. Vi prøver ut hypoteser, og justerer dei til vi finn løysingane.

 
Leiken har mange uttrykksformer og kan føre til forståing og vennskap på tvers av alder og språkleg og kulturell ulikskap. I eit leikefellesskap leggjast grunnlag for vennskap med kvarandre. Å få delta i leik og få venner er grunnlaget for barna sin trivsel og meiningsskaping i barnehagen. I samhandling med kvarandre leggjast grunnlaget for læring og sosial kompetanse.
 
Barnehagens innhald skal bygge på et heilskapleg læringssyn, der omsorg, danning, leik og læring er sentrale deler.
 
Natur, friluftsliv og god helse er et satsingsområde for Gjerdet barnehage. Vi brukar mykje uteområde i barnehagen og nærmiljøet rundt. Fredag er fast turdag, der vi er på tur store delar av dagen og lagar varmmat ute. Naturen gir rom for eit mangfald av opplevingar og aktivitetar til alle årstider og i all slags vær. Eit godt kosthald og god veksling mellom aktivitet og kvile er viktig for å utvikle ein sunn kropp.
 
 
 

Natur og friluft

    IMG_3410_250x188.jpg