Heimetenesta er organisert under eining Helse og omsorg, der Leif Arne Lagesen er leiar.
 
 
Heimetenesta yt følgande hjelp og tilbod:

 

- Heimesjukepleie - Heimehjelp - Omsorgsbustadar  
- Matombringing        - Tryggleiksalarm     - Omsorgsløn          
- Hjelpemiddel    

Søknadsskjema for omsorgstenester PDF document ODT document .

Søknadsskjema for transportteneste

-vedlegg til søknad om transportteneste

 

 

Adresse
 
Midsund kommune, Helse og omsorg, Tunvegen 42, 6475 Midsund
Telefon 71 27 05 77
   
Telefax 71 27 05 71
epost leif.lagesen@midsund.kommune.no
Leiar

Leif Arne Lagesen

Spørsmål vedr. heimesjukepleie / heimehjelp kan og rettast til Heimetenesta i Midsund :

Tlf.: 712 70 581 eller mob. 900 99 630


Gebyr og betalingssatsar finn du ved å klikke her.


Heimesjukepleie

Heimesjukepleie er eit tilbod for eldre, funksjonshemma og andre som er sjuke og treng pleie i heimen.


Heimehjelp

Heimehjelp er eit tilbod til personar som grunna sjukdom, funksjonshemming, alder eller andre årsaker er avhengig av hjelp for å klare dagleglivet sine gjeremål. Hjelpa omfattar alt frå reingjering, klesvask, matlaging, innkjøp og personelg hygiene. Tenesta blir gjeven på dagtid på yrkedagar

Elles gradert betaling for inntekter utover 2 G


Omsorgsbustad

Kommunen har 32 omsorgsbustadar i nær tilknytning til sjukeheimen. Dette er kommunale bustadar som kan leigast av eldre, funksjonshemma og andre som ikkje meistrar å halde fram å bu heime.

Ein kan søkje Husbanken om bustøtte.

omsorgsbustader  .jpg"











Tryggleiksalarm

Tryggleiksalarmar kan leigast ut etter søknad og individuell vurdering. Tryggleiksalarm er ein sendar du ber på deg, og som du kan utløyse når du treng hjelp. Heimesjukepleien blir då oppringt. Tenesta er tilgjengeleg heile døgnet og er eit tilbod til dei som kjenner seg utrygge ved det å bu åleine heime. I tillegg til tryggleiksalarm må ein ha nøkkelboks, slik at hjelpa kan kome seg inn.

Matombringing

Regelmessig og rett kosthald vert rekna som viktig for å oppretthalde eit godt funksjonsnivå. Dersom ein ikkje er i stand til å lage seg middag sjølv, kan ein få ferdig middag frå kjøkkenet levert heim. Ein kan også hente middagen sjølv, eller møte opp på sjukeheimen og ete den der.


Dagplass

Dagplass ved aktivitetssenteret skal vere med å oppretthalde og betre livskvaliteten gjennom å redusere praktiske vanskar i kvardagen, bryte einsemd og isolasjon, samt auke meistringsevna.

Sjå aktivitetssenteret

 

 


Korttidsplass:

Korttidsplass ved institusjonen er eit tilbod for personar som treng aktiv behandling og rehabilitering etter t.d. sjukehusopphald.

Korttidsplass kan også gjevast ved behov for avlastning borte frå heimen.


Langtidsplass ved institusjon

Langtidsopphald ved institusjon er mynta på personar som ikkje kan klare seg sjølve og treng vedvarande behandling, tilsyn og pleie.


Hjelpemiddel

Hjelpemiddel vert gitt i heimen, i pleie og rehabilitering, og er eitt av fleire tiltak som kan løyse praktiske problem som m.a. rørsle-, syn, hørsel og orienteringsproblem.

Hjelpemiddelformidlinga er omfatta av to ordningar:


 

  1. Stønad gjennom folketrygda til varig og vesentleg innskrenka funksjonsevne, dvs. over 2 år.
  2. Kommunalt utlån ved kortvarig behov for hjelpemiddel, inntil 2 år.



 

 

 

Sist oppdatert: 12.01.17