Du er her: | Om Midsund | | Artikkel

Hovudopptak barnehage - Midsund kommune

Rett til barnehageplass:

Kommunen har plikt til å tilby plass til barn under opplæringspliktig alder som er busett i kommunen, jfr barnehageloven § 12a «Barn som fyller ett år senest innen utgangen av august det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra august i samsvar med denne loven med forskrifter.
Barn som fyller ett år i september eller oktober det året det søkes om barnehageplass, har etter søknad rett til å få plass i barnehage fra den måneden barnet fyller ett år i samsvar med denne loven med forskrifter.
Barnet har rett til plass i barnehage i den kommunen der det er bosatt.
Søknadsfrist til opptaket fastsettes av kommunen.»
Midsund kommune har eit hovudopptak i året. Søknadsfrist er 1. april 2017.

Det må søkjast innan fristen for at barnet skal ha rett til barnehageplass. Dersom søknaden kjem etter fristen, misser ein retten til plass barnehageåret 2017/2018. Søkjarar som blir tildelt første eller andre tilbod, eller som blir tildelt anna barnehageplass i samsvar med § 12 a, som takkar nei til tilbod, vil ikkje ha rett til å ta i mot eit nytt tilbod frå kommunen.

Type plass og barnehagar:

Midsund kommune har to barnehagar, Gjerdet barnehage og Midsund barnehage. Begge barnehagane ligg i Midsund sentrum. Meir opplysningar finn de under Barnehagar i venstre meny. I samordna opptak kan ein få tilbod om 50 % eller 100 % plass. Styrar kan tildele anna type plass i supplerande opptak. Dersom de ønskjer f.eks 80% eller 60% plass, kan de markere dette ved å krysse av på ønska dagar på søknadsskjemaet.

Søknadsskjema:

Elektronisk søknad finn de her.

Søknadsfrist, svar på søknad og klage på avslag:

Søknadsfrist er 1. april 2017. Fristen gjeld nye søkjarar, endring av plassar og bytte av barnehage. Har de søkt etter 1. januar 2017 treng de ikkje sende inn ny søknad. Når søknad om endring blir innvilga i hovudopptaket, fell tidlegare tilbod automatisk bort. Plassar som blir ledige i løpet av året blir tildelt fortløpande etter ventelister.

Tilbods- og avslagsbrev for hovudopptaket er forventa utsendt i veke 15. Søkarar har klagetilgang på avslag. Klagefrist er 3 veker.

Opptakskriteriar:

Barnehagelova § 12a seier kva søkjarar som har rett til barnehageplass. I tillegg omhandlar barnehagelova § 13 rett til prioritet. Kommunen sine opptakskriterier og vedtekter avgjer kven som blir tildelt plass. Vedtektene finn de under Barnehagar i venstre meny.

 

Application for day care – Midsund kommune

Electronic application form can be found here.

It`s a common application form for both kindergartens in Midsund.

The application deadline is 1 April.

For children who do not have a day care place, must apply before the deadline for the main recording 1 April.

For children who want another nursery or place size, must also be applying again by April 1th.

Children, who have the service that is desired, do NOT apply again.

All you who have submitted an application after January 1 2017 need not to re-apply in relation to the main recording.

Levert av CustomPublish AS