Kommuneplan

Kommunen skal ha ein samla kommuneplan som omfattar ein samfunnsdel og ein arealdel.

Kommuneplanen skal ivareta både kommunale, regionale og nasjonale mål, interesser og oppgåver, og bør omfatte alle viktige mål og oppgåver i kommunen (Plan- og bygningslova § 11-1).

Samfunnsdelen
Samfunnsdelen skal ta stilling til langsiktige utfordringar, mål og strategiar for kommunesamfunnet som heilhet og kommunen som organisasjon.

Samfunnsdelen skal vere grunnlaget for alle dei ulike einingane sine planar og verksemd. Den skal gi retningslinjer for korleis kommunen sine eigne mål og strategiar skal gjennomførast i kommunal verksemd.
(Plan- og bygningslova § 11-2)

Midsund kommune sin samfunnsplan – På veg mot toppen - vart vedteken av Midsund kommunestyre 1.9.2011, sak 11/62.

Arealdelen
Kommunen skal ha ein arealplan for heile kommunen som viser samanhengen mellom framtidig samfunnsutvikling og arealbruk.

Arealdelen skal angi hovudtrekka i arealbruken og angi rammer og føresegner for nye tiltak og ny arealbru, samt kva viktige omsyn som må takast ved disponering av areal.
(Plan- og bygningslova § 11-5)

Gjeldande kommuneplan er frå 1997.

 

----------------------------------------------------------------------------------------

 

Vi ønskjer dine innspel til kommuneplanens arealdel

              Frist for innspel 21.august.2015

Midsund kommune ber no om innspel til arbeidet med kommuneplanens arealdel, med frist 21.august 2015. Etter dette vil innspela bli vurdert i samsvar med det vedtekne planprogrammet.

Planprogrammet for rullering av kommuneplanens arealdel vart vedtatt i k-sak 14/59 den 16.10.2014. Her vart det fremma ei rekke utfordringar vi skal ta for oss i planarbeidet.

  • Ny E39 og kommunereform vil gje andre rammer for lokalsamfunnet
  • Sentrumsutvikling – korleis skal Midsund vokse?
  • Område for bustadbygging rundt om i kommunen
  • Vern av viktig landbruksjord, natur og rekreasjonsområder
  • Bruk og vern av strandsonen
  • Konsentrere småbåthamner
  • Finne plass til nytt industriområde med muligheit for djupvasskai

Ved innlevering av innspel ber vi om at eigne skjema for innspel nyttast. Utfylt skjema sendast til postmottak@midsund.kommune.no, eller Midsund kommune, Utsidevegen 137, 6475 Midsund. Innspela skal leverast inn med kart.

For kart sjå www.gislink.no, eller kom innom kommunehuset.

Skjema for innlevering av innspel:  Leggjast ved som vedlegg her PDF document ODT document

------------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Aktuelle dokument i saka:

Planprogram for kommuneplanens arealdel

Vedtak av planprogram

Samfunnsdel

Gjeldande arealdel

Presentasjon frå folkemøte

 

Link til gislink

Link til PBL