Koordinerande eining i Midsund kommune er organisert under Heimebasert Omsorg.
 
Kontaktinformasjon:
Britt Hilde Blø Solholm, fagansvarleg sjukepleiar i Heimebasert Omsorg.
Telefon: 71 27 05 81 / 900 99 630
 

Koordinerande eining skal:

  • Vere ein kontaktstad for alle som har spørsmål om koordinering av helse- og sosialtenester. Vi tek i mot spørsmål frå brukarar, føresette/pårørande og tilsette i og utanfor kommunen.
  • Utnemne koordinator i samarbeid med den personlige koordinatorens nærmaste leiar. Koordinatoren skal i størst mogleg grad oppnemnast i samsvar med brukars ønskjer.
  • Gi opplæring, veiledning og informasjon om individuell plan, koordinatorar og koordinerande eining.
  • Ha oversikt over individuelle planer og koordinatorar.
  • Samarbeide med brukarorganisasjonar og aktuelle forvaltningsorgan.
  • Rapportere til samarbeidsforum på leiarnivå om tenestetilboda, framdrift, utfordringar og behov med store økonomiske konsekvensar.

 

Målgruppa til koordinerande eining:

  • Brukarar og pårørande til brukarar som har behov for heilskapelege og koordinerte tenester over tid.
  • Tenesteytarar frå ulike einingar i og utanfor Midsund kommune.

 

Kva kan vi hjelpe deg med?

  • Guide deg i det kommunale systemet; kvar du skal ta kontakt og korleis søke om tenester.
  • Kva du har rett på i forhold til individuell plan.
  • Koordinering av tenestene du mottek.
  • Skaffe deg ein koordinator og individuell plan.
Lover og forskrifter: