Landbruks- og viltforvaltninga i Midsund har tidlegare vore utført av Haram kommune. Denne ordninga er no avvikla og Nils Sanden er tilsett i Midsund kommune med dei samme arbeidsoppgåvene.

Han har faste kontordagar tysdag og fredag.

 

Adresse

Midsund kommune, 6475 Midsund

Telefon

712 70 523

Kontaktperson

Nils Edvin Sanden

E-post

nils.sanden@midsund.kommune.no

Tilskotsordningar
 

Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket, skogbruksplanlegging med miljøregistreringar og SMIL- spesielle miljøtiltak i landbruket.

Retningsliner for tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket.
Retningsliner for  tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket i Midsund kommune.

Frå 01.01.2004 har kommunane teke over ansvaret for forvaltning av nærings- og miljøverkemidlane: tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket, tilskotsmidlar til nærings- og miljøtiltak i skogbruket og til skogbruksplanlegging med miljøregistreringar.

Formålet med tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket er at det ut frå lokale prioriteringar og tilpassingar blir stimulert til auka verdiskaping i skogbruket, samtidig som miljøverdiar knytt til biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminner i skogen blir ivareteke og vidareutvikla. Søknadsskjema for denne ordninga finn de her.

Formålet med tilskot til skogbruksplanlegging er å stimulere skogbruksplanlegging som eit grunnleggjande virkemiddel for å fremje eit berekraftig skogbruk med aktiv næringsmessig utnytting av skogs- og utmarksressursane på kort og lang sikt, og slik at biologisk mangfald, landskap, friluftsliv og kulturminner i skogen blir ivareteke og vidareutvikla.

Skogeigarar med meir enn 10 daa produktiv skog, kan søkje tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket samt tilskot til skogbruksplanlegging. Grensa på 10 daa kan fråvikast dersom søknaden gjeld eit tiltak i samarbeid mellom fleire eigedomar.

Formålet med tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket er å fremme natur- og kulturminneverdiane i jordbruket sitt kulturlandskap og redusere forureining frå jordbruket, utover det som kan forventast gjennom vanleg jordbruksdrift. Prosjekta og tiltaka blir prioritert utifrå lokale målsetjingar og strategier.

SMIL kan gis til foretak eller eigarar som driv og/eller eig ein landbrukseigedom, eller til dei som er registrert i Einingsregistret og som har fått løyve av eigaren av landbrukseigedomen til å gjennomføre tiltak nemnt i forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Søknadsskjema for SMIL finn De her .

 

Innbyggjarane i Midsund kommune kan  no bruke eige verkty for å energianalysere bustaden sin og berekne besparingar frå ulike energitiltak

Slik gjer du :

Logg deg på Energiportalen for Midsund kommune for å gjere dette.

- Skriv inn adressa eller gards/bruksnummer til bustaden du ønskjer å analysere

- Vel rett adresse frå menyen som dukkar opp

- Legg inn dine opplysningar om boligstandard, oppvarming og husstandsinformasjon

 

Ut frå dei innlagte opplysningane blir dagens energibruk og kostnad berekna. Du kan undersøka effekten av ulike energitiltak, for eksempel ulike varmeløysingar som varmepumpe, vedovn og pelletsovn eller etterisolering av tak, veggar og golv og utskifting av vindauge.

For kvart tiltak vert besparing i energibruk og energikostnad berekna, og du får og berekna forventa reduksjon av CO2-utslepp.

 

 
Sist oppdatert: 9.2.2015