Midsund barnehage.

Adresse:             Bøen, 6475 Midsund                    

Telefon:              71279852 / 45637770

Telefax:              71279852

e-post:                 anita.bugge@midsund.kommune.no

Einingsleiar:       Anita Bugge.

                              

Midsund barnehage er ein barnehage med 54 plassar fordelt på 3 avdelingar. Småbarnsavdelinga Marihøna med barn i alderen 1-2 år. Regnbuen med barn i alderen 2,3 og 4 år og Blåklokka med barn i alderen 4-5 år.

Barnehagen ligg fint til på Bøen. Det er kort veg til skog, fjøre og kommunesenteret. Litt lengre tur er til Idrettshallen, bibliotek, Midsund skule, fotballbane og Bakkeskogen.

Samarbeidsutvalet i Midsund barnehage:

Eigarrepr.:       Anette G Hoel           vara: Marte Nygård

                        Jonny Godø              vara: Ivan Tangen

Foreldrerepr.:  Ellen C. Sanden         vara: Elisabeth Storvik

                        Marthe Lervik  

Personalrepr.: Tove Silset Opstad   vara: Tanja Kirkeland

                        Inger Marie Sjøvik    vara: Janne Karin Jørgensen

Leiar: Ellen C. Sanden

Sekretær: Anita Bugge

 

Barnehagen skal bidra til at alle barn får ein god start i livet. Alle barn skal få muligheit til å utfolde sin skaparglede og sin trong til å utforske i trygge rammer. Leiken er det viktigaste utgangspunktet for læring, og barnehagen legg til rette for eit variert leike og læringsmiljø.

Alt det pedagogiske arbeidet tek utgangspunkt i Barnehagelova og Rammeplanen. Aktivitetane skal ha innhald frå dei ulike fagområda frå Rammeplanen. Gjennom det pedagogiske arbeidet skal barna ha omsorg, læring, danning og at barn, vaksne og foreldre opplever trivsel og at det er mykje å lære.

Meir om dei ulike avdelingane og kva personalet legg vekt på i det daglege arbeidet finn du i halvårsplanen.

 

Årsplanen til Midsund barnehage finner du her.

 

Sist oppdatert: 14.12.16