Om Midsund

 
 

 

Kommunenummer:
Organisasjonsnummer:
Ordførar

 

Rådmann

 

1545
964 981 159
Odd Helge Gangstad (SP)                           
Ketil Ugelvik

   


 


Midsund er ein øykommune med øyane Otrøy, Midøy, Dryna, Magerøy og Tautra, og ligg sørvest for Molde i Møre og Romsdal fylke.

Eigen kommune frå 1925 og heitte då Sør-Aukra, frå 1965 utvida og fekk namnet Midsund. Les om kommunevåpenet her

Næraste flyplass:  Årø-Molde og Vigra-Ålesund .

Nabokommunar: Molde, Aukra, Sandøy, Haram og Vestnes .

Klimaet er svært skiftande og kan svinge mellom varme, stille sommardagar og stormfulle haustdagar med regn og snøfokk.

 

 

Areal: 94km2    
Innbyggjarar: ca. 2000
Målvedtak: Nynorsk
Tall om Midsund kommune (SSB)
Sjå kart

 brua  .jpg"

Bilde:  Brua over Midsundstraumen knyter dei to største øyane i kommunen saman.
Foto: Midsund kommune

 

 

 

 

 

 

 

Klikk her for å sjå flyfoto frå Midsund på øyavis sine nettsider.

Klikk her for å sjå turboka for fjellturar i Midsund.

Høgaste fjelltopp er Opstadhornet med sine 740 m.o.h.




kvernhuset  .jpg" 

Bilde: Kvernhuset i Heggdalsvika er frå 1880, og vart brukt til gardskvern. Restaurert i 1980.
Foto: Midsund kommune

 

 

 

 

 

 

Historie 

 

Ser vi tilbake, finn vi spor etter busetjing heilt frå Fosnakulturen 6-8000 år f.kr. I nyare tid kjenner vi til busetjing frå 1400 talet.


Riksgrensa på Midøya var frå 1656 til 1660 ein del av grensa mellom Sverige og Danmark / Noreg.

 

 

riksgrense  .jpg"

Bilde: Riksgrensa
Foto: Odd Fremstedal
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 Denne mektige stein-garden var i perioden 26.februar 1658 til 27.mai 1660 ein del av riksgrensa mellom Sverige på den eine sida og unionen Danmark/Noreg på den andre. Åra kring midten av 1600-talet var ei uroleg tid i Norgeshistoria. Danmark/Noreg måtte gje frå seg store landområde til Sverige, men den
dansk-norske unionen prøvde å vinne dei tilbake med eit angrep i 1657, men tapte.


Ved fredsavslutninga i Roskilde 26.februar 1658 måtte Danmark / Noreg derfor gje frå seg ytterlegare landområde til Sverige. I Noreg gjaldt dette Bohuslen og Trondhjemslen. Dette  førte til at Norge vart delt i to, og riksgrensa følgde no fogderi-grensa mellom Romsdal og Sunnmøre. Steingarden var det vestlegaste
endepunktet på denne riksgrensa.

Den 7 august 1658 var krigen igang igjen, og ved freds-avslutninga 27.mai 1660 var Trondhjemslen ført tilbake til Danmark / Noreg, og riksgrensa gjort om til fogderigrense som før.

I nyare tid har steingarden vore kommune-grense mellom ulike kommunar. Fram til 1924 var han grense mellom Akerø og Vatne kommunar. Akerø vart då delt i to, og grensa gjaldt no mellom Sør-Aukra og Vatne kommune. I 1965 skjedde det nok ei endring av kommunegrensene. Då vart Sør-Aukra og den delen av Midøya og Dryna som tilhøyrde Vatne slått saman til det som idag er Midsund kommune.

 

 

 


 

 

Sist oppdatert 16.11.15

 

 



 

 

 

 

Levert av CustomPublish AS