Under menyen politikk vil du kunne finne informasjon om alle politiske utval og politiske parti i Midsund kommune.
Her finst også ein profil av kvar representant med bilete og kontaktinformasjon.

 

Etter kommunelova skal som hovudregel møta i alle folkevalde organ haldast for opne dører. Saker som er underlagde lovbestemt teieplikt og personalsaker skal likevel alltid handsamast for lukka dører. Organet kan sjølv vedta at visse sakstyper skal gå for lukka dører. Dette kan blant anna vera aktuelt der omsynet til personvernet eller andre tungtvegande private eller offentlege interesser tilseier det.

Kommunelova fastset at møte som skal haldast for opne dører, skal gjerast kjende på ein "hensiktsmessig" måte. Midsund kommune informerar publikum via lokalaviser, oppslag og kommunen si heimeside.

 

Saksdokument er også utlagt på kommunehuset.