Psykiatrisk sjukepleiar      Sissel Telnes Orvik     tlf: 71 27 05 59 / 71 27 05 50    mob: 901 45 974
 
Tenesta er eit lavterskeltilbod (gratis). Ein kan ta kontakt ved behov for samtale. Sjukepleiar har ansvar for oppfølging og koordinering av tiltak overfor menneske med psykiske lidingar.
 
 
Målsettinga for det psykiske helsearbeidet i kommunen;
  • fremme sjølvstende og evne til å meistre eige liv
  • auke forståinga for psykiske lidingar og styrke moglegheita til integrering
  • forebygge psykiske sjukdom i kommunen
  • styrke tilbodet til menneske med psykiske vanskar i kommunen
 

Dagtilbod/Aktivitetstilbod

Møteplassen mandager 10.00 - 14.30  Aktivitetssenteret v/sjukeheimen
Treffsted for deg mellom 18 og 67. Mulighet for kjøp av pizza. Aktivitør og psyk.spl tilstede.

71270589    41670099   90144974

Småjobbsentralen tirsdager og torsdager 11.00 - 15.00 Underetg. v/helsesenteret.
Lavterskel arbeidstilbud m/ drift av bruktbutikk. Arbeidsleder tilstede. Mobil: 92263885/90145975

 

Tilbod om rådgivning til foreldre

Rådgivningsprogrammet "tidlig innsats for barn i risiko" (TIBIR), er et verktøy som helsetjenesten, PPT og barnevernet benytter for å forebygge og behandle atferdsproblemer hos barn (3-12år) på kommunalt nivå.

I dag vet vi at årsaken til at barn utvikler atferdsproblem er mange og sammensatte. Det er aldri bare en grunn til problemene. Som regel bunner problemene i en kombinasjon av barnets forutsetninger, foreldrenes måte å takle disse på, og andre livsforhold som omgir barn og foreldre. Omfattende undersøkelser har vist at barnets oppførsel forandrer seg når de voksne endrer sin måte å møte barnet på.
 
Vil du vite mer, ta gjerne kontakt!
 

Førebyggande familieintervensjon - nytt tilbod frå helsetenesta

Psykiatrisk sjukepleiar har gjennomførte eit kurs ved NTNU i Førebyggande familieintervensjon. Dette er ein strukturert og tidsavgrensa metode som er psykoedukativ, ressursbyggande og barnesentrert.
 
Målet med intervensjonen er å unngå at born utviklar psykiske problem i familiar der dei vaksne slit. Det kan vere grunna psykisk sjukdom, rus eller andre belastningar. Månge vaksne opplever at det er vanskeleg å snakke med borna om desse tinga, og kommunikasjonen går lett i "stå". Ein samtaler med foreldre og born, saman eller kvar for seg.
 
Dette er ikkje behandling, men meir klargjering av bestemte spørsmål og bekymringar som kan oppstå. Kjerna i intervensjonen er å få i gang kommunikasjon i familien på ein slik måte at familiemedlemane sjølv  blir i stand til å snakke om kva som er i vegen.
Metoden er førebyggande på den måten at ein ønsjer at borna skal få ei sunn utvikling. Dette er eit lavterskeltilbod, dvs. at det er gratis.
 

Born som pårørande

Lovendringar:    
Stortinget vedtok i 2009 endringar i helsepersonelloven og lov om spesialisthelsetenesta for å sikre at helsepersonell identifiserer og ivaretek det informasjons- og oppfølgingsbehov mindreårige born som pårørande kan ha.
Endringane trådte i kraft 01.01.10 og gjeld både ved psykisk sjukdom, rusmiddelavgengigheit, eller alvorleg somatisk sjukdom eller skade. Bestemmelsane gjeld for alt helsepersonell i både offentleg og privat sektor. Endringane i lova inneber også at teiingspliktige opplysningar kan bli gitt til samarbeidande personell når dette er nødvendig for å ivareta behove til pasientens born, med mindre pasienten motsett seg dette.
 
 

Hjelpetelefonar

  • Røde Kors telefonen for barn og unge            800 333 21        
  • Mental helse hjelpetelefon                                810 002 77        www.mentalhelse.no
  • Homofiles ungdomstelefon                               810 00 277        www.llh.no
  • Voksne for barn - Bekymringstelefon               810 03 940       bekymring@vfb.no
  • Kirkens SOS                                                    22 40 00 40       www.kirkens-sos.no
    Landets største krisetelefon

 

Hjelptenester på nettet

  • Klara Klok (helsepersonell svarar på spørsmål i frå ungdom om helse, forhold/familie, rusmidlar og seksualitet)                                                            www.klara-klok.no
  • Røde Kors                                                                                    www.korspahalsen.no
  • Si det med ord (Mental Helse)                                                    www.sidetmedord.no