Midsund sjukeheim er organisert under Helse og omsorg, der Leif Arne Lagesen er leiar.
 
 
Midsund sjukeheim har 26 plassar
 
 

 

 

Adresse
Midsund sjukeheim, Tunvegen 42, 6475 Midsund
Telefon 71 27 05 77
Telefax 71 27 05 71
epost leif.lagesen@midsund.kommune.no
 
 
   

Fjellstua
Ei somatisk avdeling som har 8 plassar, og kan tilby langtidsopphald for brukarar med ulike hjelpebehov. Målsettinga for avdelinga er å skape eit miljø som skal bidra til at bebuarane i størst mogleg grad bevarer sin integritet og beheld sine ressursar.
Avdelinga er lokalisert til 2. etg. 


Havstua
Havstua har 8 plassar, og kan tilby 6 langtidsopphald og 2 korttidsopphald til bebuarar med ulike hjelpebehov og behov for rehabilitering og overgangspleie etter sjukehusopphald. Institusjonen sine korttidsplassar er tillagt denne avdelinga. Målsettinga for avdelinga er å skape eit miljø som i størst mogleg grad bidreg til at bebuarane beheld eller aukar sine ADL-funksjonar, og sørgjer for å ivareta deira integritet.
Avdelinga er lokalisert til 1. etg. 


Solstua
Er ei skjerma spesialavdeling med 10 plassar for brukarar med demensdiagnose. Målsettinga for avdelinga er å skape eit miljø for bebuarar som prøver å normalisere opplevinga av seg sjølv i samspel med andre, samt trening som bidrar til at bebuarane  i størst mogleg grad bevarer sin identitet, sin eigenverd og sitt sjølvstende.

Solstua er lokalisert i frittståande bygg. 

 

 


Sist oppdatert: 12.01.17