Sjå også eige omtale av dei einskilde tilboda. Her kjem ei lita oversikt:

Instrumentopplæring/ samspel:

Målsettinga for song– og instrumentalundervisninga er å utvikle trygge utøvarar med allsidig teknikk og stor spilleglede. Her er det mykje å velje i! Har du ikkje instrument? Vi har nokre å leige ut.

Samspel er motiverande og lærerikt , og etter kvart som elevane er modne for det, vil vi legge til rette for at dei får prøve å spele i lag med andre. Det kan også vere aktuelt med gruppeundervisning i nokre instrument. Dette blir avklart når vi  får oversikt over søkjarane.

Vi tilbyr opplæring i:

Gitar, Bass, Piano, Keyboard, Orgel/ kyrkjeorgel, Trommer, Song, Tverrfløyte, Blokkfløyte, Fiolin, Cello,Kontrabass, Torader (gruppeundervisning), Korpsinstrument (aspirantkorps),

 

Andre tilbod:

Musikkterapi: Når gleda er målet! I musikkterapi-timane tar vi utgangspunkt i den enkelte eleven sitt funksjonsnivå og interesser.I fellesskap finn vi fram til songar som eleven liker og kan delta på. Enkle musikkinstrument, sangleik, rytme og dans er også aktuelt. Det er berre fantasien som stopper oss!

Dans: Torsdagar er dansedagen dette året. Alle over 4 år kan søkje om plass, og vi deler inn i aldersbestemte grupper når vi får oversikt over interessa. Dersom det blir nok gutar, kan vi arrangere kurs basert på hip-hop/ street/ jazz/ M.Jacson. Meld på!!

Kor: Markato er Midsund sitt beste (og einaste) damekor! Her er det plass til alle som likar å synge - uansett stemme. Aldersgrense: 13 år og oppover. Koret øver på Midsund skule kvar onsdag.

Korps: Midsund musikkorps er eit tilbod til nye og gamle korpsentusiastar!  Øving 2 timar  per veke.

Aspirantkorps: Vi har stadig mål om å få til eit aspirantkorps. Frå hausten 2015 skal vi ha opplæring i korpsinstrument i 5. klasse på Midsund skule, som del i musikkundervisninga. Vi vonar dette kan bidra til rekruttering. Vi tek sjølvsagt også imot andre interesserte, på alle instrument. Blir det mange nok, blir det korps!  Aldersgrense: 10 år og oppover.  Vaksen? Ingen hindring!

Drillkorps: Vi har tidlegare hatt tilbod om drillkorps for 3. og 4. klassingar. Dette ligg på is no, inntil vidare.

”Fram frå glemselen”  Tilbod gjennom ”Den kulturelle spaserstokken” til bebuarar ved Midsund alders– og sjukeheim. Vekt på allsong og gjenkjennbar musikk frå gamle dagar. Annankvar tysdag er Åshild og David på aldersheimen. 

 

Tidsavgrensa kurs:

Visuell kunst: Mål om å få til eit kurs på 8- 10 veker i perioden september - november hausten 2015.

Kulturskulekor: Oppstart etter haustferien 2015, onsdagar kl. 18.00- 19.00 i musikkrommet på Midsund skule

Sjå einen info