Ungdomsklubben og Ungdomsrådet

Midsund Fritidsklubb – Eit trygt og inkluderande God helse tiltak
Klubben er eit lavterskel tilbod til barn og ungdom i alderen 10-18 år, og har opent kvar torsdag gjennom skuleåret frå kl 1700 til kl 2200.
Klubben gjev tilbod om aktivitet som danseverkstad med eigne utdanna ungdomsinstruktørar innan hip hop, breakdance, streetdance, showdance etc. Dette er eit gratis breddetilbod på torsdagar i klubbtida, og engasjerer rundt 60-80 born og unge.
I klubben finn ein og Ungdommens helsestasjon stasjonert 2 torsdagar i månaden. Helsestasjonen gjev gratis informasjon og helsetenester til ungdom, og er bemanna av skulehelsesøster, kommunelege, psykiatrisk sjukepleiar eller jordmor etter oppsett turnus.
Klubben eig eiget bandutstyr, og den som vil kan kome for å spele saman i band på vårt utstyr. Vi har stort trommesett, 2 el-gitarar, 1 bass-gitar, 1 keyboard og 3 songmikrofonar.Den som ikkje har eiga band, kan bli sing-star på Playstation hos oss, eller gitarhero.
I tillegg har vi internettcafe med 8 maskinar, høve til å sjå film på storskjerm, spele biljard eller airhocey, eller henge i cafeen med eigenprodusert mat frå eiget kjøkken eller kioskvarer. I løpet av våren får vi ferdig mekkecontaineren. I den vil det verte høve til å mekke sykkel og mopedar. Denne aktiviteten skjer rett utanfor klubblokalet, og er ein integrert del av klubben.
Klubben har eit totalt besøkstal kvar torsdag med all aktivitet på ca 120 personar. I løpet av 2008 håper vi å kome i gang med aktivitet på laurdag kveld til ungdomar i alderen 13 til 18 år, som eit rusfritt alternativ til privatfestar og bilkjøring.
Klubblokala nyttast frå januar 08 også som rusfritt og kjøpepressfritt samlingsplass for aktivitetar tysdagar og fredagar for vaksne i alderen 18- 65 år gjennom God helse og psykisk helse.
I klubben finn ein trygge, inkluderande vaksne som sett grenser, men mest av alt er der for ungdomen i sorg og gleder. Foreldre vert aktivt trekt inn gjennom 2 foreldrevakter på kvar klubbkveld, og engasjerte ungdomar over 18 år eller foreldre er velkomne til å ta del i å utvikle aktivitetane i mekkecontaineren eller bandet alt etter interesse og samhandling med ungdomane.
Skulane kan nytte klubblokala som ”premie” for elevane, eller til sosiale treff i samarbeid med foreldreråda på kveldstid. Ungdomar frå andre kommunar og klubbar er og velkomen på besøk, og vår ungdom reiser gjerne på besøk. Sommaren 2007 sykla vi i samla tropp på besøk på Ungdomsklubben Kvalen i Sandøy kommune.
Bilder frå ungdomsklubben ser du her.







