VATN

Midsund vassverk

Lenkar

 

Midsund

Sentrale lover og forskrifter

Vassgebyr i Midsund

Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter

Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Midsund              

Forskrift om begrensing av forurensing, Del 4, Kapittel 11. Kommunale vann- og avløpsgebyrer

Søknadsskjema for avløpstilkopling PDF document ODT document

 

 


Midsund vassverk AS vert stifta i 1958 med inntak i dam oppe i fjellsida. Midsund kommune tok over vassverket den 01.01.1979, som er det største vassverket i kommunen. Inntaket og demninga ved Midsundvatnet ( kote 380 m.o.h., areal på 6000 m2 ) vart ferdig i 1983.

Vassleidning (ca 1100 m) ned frå Midsundvatnet har 3 basseng for trykkreduksjon. Nytt reinseanlegg med driftskontroll og naudstraumsaggregat blei ferdigstilt i 1996.

Midsund vassverket forsyner om lag 850 personar, samt service og industri i områda Midsund - Ugelvik - Magerøy og Blø - Bjørnarem.
Vassforbruket ligg på om lag 350 - 370
m3/døgn. Med ein årsproduksjon på 135.000 m3  



Midsund vassverk er godkjent ( 18.12.97, K - sak 97/123) jfr. drikkevassforskriften , kapittel 3. med følgjande hygieniske barrierar.
  

 

 

 

Adresse Midsund kommune, 6475 Midsund
Telefon 71 27 05 00
Telefax
 
71 27 05 01
 
epost inge.rakvag@midsund.kommune.no
Teknisk sjef 
  
Inge Rakvåg     (for tekniske spørsmål)
 
epost oddny.gangstad@midsund.kommune.no
Førstesekretær  Oddny Grete Gangstad   (abonnement og fakturering)

 

Vassanalyse

Midsund vassverk tar prøver av drikkevatnet i samsvar med krava i drikkevassforskriften. For Midsund vassverk skal det utførast 12 vassprøver pr. år. Vassprøvene vert for tida analysert ved Kystlab AS i Molde.

Tabellen nedanfor vert oppdatert etter kvart. Prøve av reinsa vatn frå behandlingsanlegg og leidningsnettet.
Klikk her for å sjå resultat av vassprøver for 2014 PDF document ODT document

 
AVLØP
 

Husk - Spør først grav sidan, det kan vere rør og kablar der du skal grave.

         Nedbørsfelt er verna med klausulering.

  • Sil for fjerning av partiklar og desinfeksjon med UV.
  • Klor har ein som reserve desinfeksjon.
  • Nødstraumsaggregat

  

Lenker

 

Midsund

Sentrale lover og forskrifter

Avløpsgebyr i Midsund

Lov om kommunale vass- og kloakkavgifter

Forskrift om vass- og avløpsgebyr i Midsund PDF document ODT document

Forskrift om begrensing av forurensing, Del 4, Kapittel 11. Kommunale vann- og avløpsgebyrer

Søknadsskjema for avløpstilkopling PDF document ODT document

Forskrift om begrensning av forurensning - Del 4. Avløp

  

Forurensningsloven

 

Forskrift om begrensing av forurensing, Del 4, Kapittel 16. Utslipp fra mindre avløpsanlegg

 

  

Kommunale avløpsanlegg

Det er i dag 10 kommunale avløpsutslepp: Bøen, Midsundbukta, Støttneset, Midsund Bruk, Selvika, Drynjasundet, Stormyra, Krabbevik, Røberg ny, Torsvik.

Alle utsleppa går ut i sjøen. Det er bygd 3 kommunale felles slamavskillarar og resterande blir utbygd og utsleppa blir oppgradert til gjeldande reglar. Elles er det stort sett private septiktankar.

På ledningsnettet er det 3 avløpspumpestasjonar. Samla lengde avløpsledningar er ca. 25 km. Ein stor del av ledningsnettet er nytt og med PVC rør.

 

  

 Slamtømming i Midsund

Slamtømmingsgebyr
Sjå forskrift § 15 - 17 om slam:

I Midsund kommune er det innført tvungen tømming av slam for alle eigedomar også hytter og fritidshus. Kommunen er medlem av Romsdal Interkommunale Renovsjonsselskap og det er desse som står innsamling og handtering av slammet. Hovudentreprenøren i RIR-kommunane for innsamling er Miljøservice as frå Stryn.
Tømming vert utført minst kvart andre år når det gjeld bustadhus og kvart fjerde år for hytter og fritidshus. Tette tankar vert tømt kvart år.


Kommunen kan bestemme ei anna og hyppigare tømming om forholda gjer det nødvendig. Dersom det oppstår akutte behov for å få utført slamtømming, tanken/røyra er tett, skal ein ta kontakt med tekniske tenester v/Oddny Grete Gangstad , event. kan ein ringe RIR direkte på tlf. 71 21 34 50.

Midøy - tømming haust 2013.
 
Otrøya - august/september 2012.
 
Slamtømming vil bli utført for alle slam-abonnentar med bustadar på Otrøya i august/september 2012. Det er Miljøservice AS, Stryn, som utfører tømminga, tlf 57 87 46 66.
 
NØDTØMMING - tlf. 908 75 111.
 
  

 

Sist oppdatert: 27.2.2015