BAKGRUNN FOR PERMEN

  

Midsund kommune kom med i interkommunalt rusførebyggande samarbeid KRUS frå hausten 2006 etter initiativ frå Midt Norsk Kompetansesenter for rusfaget.

 

Kvar kommune valde sjølv kva dei ville fokusere på og arbeide vidare med. Etter ein nettverkskonferanse i Molde der mellom anna ”Kjentmann” og ”Tidleg intervensjon” vart presentert frå kommunane på Søre Sunnmøre, valde Midsund å arbeide vidare lokalt med desse.

 

Denne permen er meint som vår ”Kjentmann”, men då kommunen er liten og oversikteleg valde vi å fokusere ut over berre det å oppdage og førebygge rusmisbruk. Vi har i utviklinga av denne permen tatt mål av å sjå, forstå og hjelpe barn og ungdom uavhengig av kva årsaka til deira vanskar er. Dette ut i frå ein tanke om at det problematiske rusmisbruk ofte er symptom på vanskar av anna art som den unge søkjer å løyse gjennom å ruse seg. 

 

Vårt ønskje er at du som barn, ungdom, forelder, føresett, slektning, ven, fritidsleiar eller lærar til nokon som viser teikn på å ha eit problem, raskt skal finne fram til kven du kan kontakte og få hjelp av. Vi trur at jo kortare vegen er, og jo færre hindringar du møter jo fortare kan vi få  yte hjelp. Jo tidlegare hjelpa kjem, jo kortare tid treng nokon å kjenne seg åleine, hjelpelaus- og sårbar.

 

Ingen treng vere aleine – vi er her og hjelper deg gjerne!

 

 

Dei som har arbeidd fram denne permen;

 

Hans-Christian Myklestul                                              Ann-Heidi Paulsen Orvik

Kommunelege 1                                                           God helse/ KRUS-koordinator

 

 

Sissel Telnes Orvik                                                       Ketil Ugelvik

Einingsleiar helse og psykiatrisk sjukepleiar                    Rektor Midsund skule

 

 

Ann Elise Løken                                                           Brit Merete Kjerstadmo

Helsesyster                                                                   Barnevernsleiar

 

 

Marit Myklebostad                                                       Trygve Brunvoll

Sosialleiar                                                                     Einingsleiar oppvekst og kultur

 

 

Anita Vølen                                                                 

Fritidsklubbleiar                                                           

 

 


 

  

Litt om Vegvisarpermen og korleis vi tenkjer den brukt

 

I denne permen vil du som er i alderen 0 til 18 år, og som oppheld deg i Midsund kommune, finne informasjon om kven som arbeider med ulike typar problemstillingar som vi veit kan vere vanskelege for eit barn eller ungdom å vere ramma av.

 

Informasjonen i permen er òg relevant for foreldre eller andre vaksne som ønskjer å hjelpe eit barn eller ungdom som viser teikn til mistrivsel.

 

Permen skal vere kjent av alle einingsleiarar i Midsund kommune og står i papirkopi ved alle einingar. I tillegg ligg den på Midsund kommune si heimeside.

 

Permen er tenkt brukt som eit fyrste oppslagsverk ut i frå tema som ein trur er relevant for den enkelte, og raskt vise kven som har ansvar for kva og kor ein kan ta kontakt for å få ytterlegare hjelp eller informasjon. Det ligg og elektroniske linkar vidare for ytterlegare informasjon for den som vil orientere seg mest mogleg på førehand.

 

Om du har informasjon om linkar som du meiner bør vere knytt til permen, ta kontakt med einingsleiar helse som og er den som er ansvarleg for at permen vert oppdatert etter lansering i april 2008. Ta då kontakt med einingsleiar helse

 

 

 


 

Kvar finn ein meir om avgrensingar av sentrale omgrep

  1. Kva er bekymring
  1. Seksuelle overgrep
  1. Vanskjøtsel/ omsorgssvikt
  1. Rus
  1. Vald/ trakassering/ mobbing
  1. PPT
  1. Barnehabiliteringsenheten Helse Midt - Norge
  1. Småbarnsteam (0-6 år) Helse Midt - Norge
  1. Akuttenheten psykisk helse barn og unge, les her
  1. Psykisk helsevern poliklinikk barn og unge
  1. BUF-etat

Teieplikt

Teieplikt er ei ordning som avgrensar høva til å offentleggjere visse opplysningar. Dette kan vere opplysningar som omhandlar ein person si fysiske eller psykiske helse og opplysningar som på annan måte høyrer privatlivet til. Det kan òg gjelde informasjon som kan vere til skade for fellesskapet om den blir kjent.

Forvaltningsloven i Noreg pålegg alle offentlege tilsette teieplikt om enkelte opplysningar ein får kjennskap til i arbeidet. Dette gjeld andre sine personlege forhold og forretningshemmelegheiter. Denne teieplikta gjeld òg innleidde firma. Teieplikta gjeld livet ut. Meir om teieplikt finn du i Forvaltningsloven § 13.

Det finst òg andre lover som pålegg teieplikt. Her kan ein nemne Helsepersonelloven Barnehageloven, Opplæringsloven, Barnevernloven (sjå nærare på www.lovdata.no).

Tilsette i privat sektor har normalt ikkje lovpålagt teieplikt, og kan difor ikkje bli straffa for å bryte teieplikta. Arbeidsgjevar kan som ein del av sin styringsrett pålegge dei tilsette teieplikt om forhold dei blir kjent med i arbeidet. Om ein bryt slik teieplikt, kan det få rettslege følgjer. Brot på teieplikta kan til dømes føre til avskjed.

Tilsette innan helse- og omsorgsteneste, kommune, fylke og stat har teieplikt.

Opplysningsplikt betyr at ein til dømes har plikt til å fortelje barnevernet om ein i jobben blir kjent med at eit barn blir utsett for alvorleg omsorgsvikt eller mishandling. Dette kan gjelde barnehagar, skular eller liknande institusjonar.

Straffelovens paragraf 139 pålegg den teiepliktige å bryte teieplikta i visse situasjonar. Om ein person sitt liv eller helse er i fare eller ein person er til fare for andre sine liv eller helse har du rett til å bryte teieplikta for å hindre skade.

 

 

Teieplikt i høve ulike involverte

Teiesplikt i høve ulike involverte

Teieplikt kan ha ulike grader ut i frå kva for lov som regulerer tenesta som ser og meldar ei bekymring.

Brosjyren ”Opplysningsplikt til barnevernet og barnevernets adgang til å gi opplysninger”;

http://www.regjeringen.no/upload/kilde/bld/bro/2006/0003/ddd/pdfv/270272-web_opplysn.pdf  

 

Brosjyren ”Barnevernet til barnets beste, som seier litt om barnevernet, når du bør melde/be om råd og litt om korleis barnevernet arbeider”;

http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/dok/veiledninger_brosjyrer/2001/Barnevernet---til-barnets-beste.html?id=87701

 

Om nokon vender seg til ”feil” instans har alle offentlege tenester eit ansvar om å rettleie  deg i tråd med Forvaltningsloven § 11, veiledningsplikt.

 

Helserettsleg myndigheitsalder og informasjonsansvar ovanfor føresette

 

Helserettsleg myndigheitsalder og informasjonsansvar ovanfor føresette

(Håndbok for skolehelsetjenesten 1. - 10. klasse" av Siren Haugland og Nina Misvær (red.).

Den helserettslege myndigheitsalderen er 16 år. Hovudregelen er at den eller dei som har foreldreansvar, tek avgjerder og gjev samtykke for barn under 16 år, og saman med barnet når barnet er mellom 12 og 16 år (jf. pasientrettighetslova § 4-4).

I alderen mellom 12 og 16 år skal informasjon gjevast til både barnet og den eller dei med foreldreansvar.

Barn over 12 år skal få uttale seg om alle spørsmål som gjeld eiga helse, med auka vekt på kva barnet sjølv ønskjer utifrå alder og modenheit.

Grensa på 16 år gjeld ikkje som myndigheitsalder i alle situasjonar. Den kan fråvikast nedover til 12 år dersom helsepersonell meiner det ligg føre særskilde grunnar til å ikkje involvere foreldra, og oppover til 18 år dersom helsepersonell har informasjon som er vesentleg for å kunne ivareta foreldreansvaret (pasientrettighetslova § 3-4).

Når helsepersonell innehar slik alvorleg informasjon om eit barn/ungdom, må ein vurdere opp mot lovverket om det kan vere årsakar til å levere informasjon til foreldre, eventuelt barnevernstenesta eller andre etatar.

Klargjering av ansvar - kommunen si rolle - i forhold til barn og unge som har det vanskeleg

 

  • Sjå
  •  
  • Forstå
  • Tilby adekvat hjelp for å finne riktig person og teneste som har ansvar for riktige hjelpetiltak.
  • Støtte barnet og ungdommen vidare ut i frå eiga teneste og rammene for denne i lovverk
  • Melde til barnevernet eller annen instans dersom vi har ei BEKYMRING for barnets ve og vel ut i frå gjeldande lovverk og avtale med barnet sjølv / og eller pårørande.
  • Vi skal melde frå BEKYMRING, IKKJE drive etterforsking/ samle bevis. Barnevernet har ansvar for å undersøke og politiet med å konkludere/ bevise.
  • I forhold til førebyggjande psykisk helsearbeid har alle kommunale tenester eit ansvar for å gje adekvat hjelp

 

Rutiner ved bekymring for barn og unge som har det vanskeleg

 

Situasjon

Handling

Ansvar

Tidsfrist

Referansar

1.

Midsund kommune har ein felles rutineperm for bekymringar rundt barn og unge, kalla  ”Vegvisarpermen”

 

Vegvisarpermen skal gjerast kjent for born, unge, foreldre, alle einingsleiarar i kommunen, kommunen si heimeside, relevante statlege samarbeidspartar som politi, NAV, BUP, PPT og liknande.

 

Alle einingsleiarar har ansvar for å melde til KRUS-koordinator kven som skal stå på distribusjonslista og oppdatere denne ved endringar.

Koordinator sørgjer for at permen vert kopiert opp, og distribuert til alle einingsleiarar

 

Koordinator sørgjer for at vegvisarpermen blir lagt ut på kommunen si heimeside.

 

Kvar einingsleiar har ansvar for å gjere permen kjent for tilsette og brukarar av eigen teneste.

 

Ved endring i rutinar oppdaterer koordinator gjeldande rutine, og distribuerar til alle tenester 

Koordinator

 

 

 

 

Koordinator

 

 

 

 

 

Einingsleiar

 

 

 

 

 

Koordinator

Innan 14 dagar etter at permen er ferdig

 

 

 

Innan 14 dagar etter ferdigstilling av permen

 

 

 

Innan 14 dagar etter mottak av perm

 

 

 

 

Innan 14 dagar etter endring i innhald

 

 

 

2.

Eining/ fagperson  manglar vegvisarperm

Einingsleiar skriv ut innhaldet og lagar ny perm frå versjonen som ligg på heimesida

Einingsleiar og kvar einskild fagperson

Innan 2 dagar etter at ein oppdagar at permen er øydelagt/ kome bort

www.midsund.kommune.no/

vegvisarperm

 

 

 

Situasjon

Handling

Ansvar

Tidsfrist

Referansar

3.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for eit born eller ungdom si somatiske helse  

Kontakt med foreldre

Den som observere

Snarast

 

4.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for eit born eller ungdom si psykiske helse

Kontakt med foreldre og barnet/ ungdommen.

 

Kontakt helsetenesta for råd og  rettleiing

 

Observatør kan be om råd/ drøfting anonymt med helsetenesta

 

Kontakt PPT direkte for råd og rettleiing

Observatør og foreldre

 

Foreldre, barn

 

 

Observatør

 

 

 

 

 

Observatør eller foreldre

Snarast

 

 

Snarast

 

 

Snarast

Skulehelseteneste

PPT

Psykiatrisk sjukepleiar

Lege

Spedbarnsteam

Akutteam

www.psykiskhelse.no

www.vfb.no

www.bufetat.no

5.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring om at eit born eller ungdom har spiseproblem  

Observatør kontaktar foreldre og barnet/ungdommen.

 

Observatør kan be om råd/ drøfting anonymt med helsetenesta

 

Barnet og/eller foreldre kan kontakte

helsetenesta for hjelp

Observatør

 

 

 

Observatør

 

 

 

Foreldre/ barnet

Snarast

 

 

 

Snarast

 

 

 

Snarast

Akutteam

www.midsund.kommune.no

(helse)

 

 

 

 

Situasjon

Handling

Ansvar

Tidsfrist

Referansar

6.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring om at eit born eller ungdom har vore/er utsett for seksuelle overgrep

Ved direkte observasjon – kontakt politiet

 

Ved mistanke – drøfter observatør først  med barnevernet

 

Observatør melder skriftlig til barnevernet

 

 

Barnevernet kan kalle saman tverrfagleg gruppe av lege, barnevern, helsesyster, psykiatrisk sjukepleiar

 

Barnevernet vurderer og set i verk tiltak

Observatør eller barnet sjølv

 

Observatør

 

 

 

Observatør

 

 

 

Barnevernet

 

 

 

 

 

Barnevernet

Snarast

 

 

Snarast

 

 

 

Så snart meldeplikt trer inn etter lovverk

 

Ved behov og etter eiga vurdering

 

 

 

 

Snarast og etter lovverk

www.politiet.no

 

Ring 112

 

landsdekkande telefon incest og seksuelt misbrukte

 

Voldtekt veileder

 

Sjå ulike lovar på www.lovdata.no

 

barnehageloven, opplæringsloven, barnevernslova, helse- og omsorgstenesteloven

(sjå www.lovdata.no)

7.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for at eit born eller ein ungdom har vore/er utsett for vanskjøtsel/ omsorgssvikt

Observatør drøfter med foreldre

 

Observatør kan drøfte  anonymt med barnevernet

 

Meldeplikt til barnevernet.

Barnevernet kan kalle saman tverrfagleg gruppe av lege, barnevern, helsesyster, psykiatrisk sjukepleiar

Observatør

 

 

Observatør

 

Barnevern

Snarast

 

 

Snarast

 

Snarast – innan ein månad

Veileder førebygging  

 

Meldeplikt – sjå www.lovdata.no

 

 

 

Situasjon

Handling

Ansvar

Tidsfrist

Referansar

8.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for at eit born eller ein ungdom utøver vald/mobbing/ trakassering

Observatør tek kontakt med utøvar av vald, og føresette

 

Observatør drøftar med einingsleiar.

 

Føresette kan ta direkte kontakt med barnehage, skule og helsetenesta.

 

Einingsleiar vurder melding til politi, evt kontakt med helse og PPT (jf Mobbeplan)

Observatør

 

 

 

Observatør

 

 

Føresette

 

 

 

Einingsleiar

 

 

Med ein gong

 

 

 

Snarast

 

 

Snarast

 

 

 

Ved behov

 

Kommunale mobbeplanar ved skular og barnehagar

 

(kunne kanskje hatt link til mobbeplanar???)

 

9.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for at eit born eller ungdom er offer for vald/mobbing/ trakassering

Observatør tek kontakt med offer og føresette

 

Føresette kan ta direkte kontakt med barnehage, skule og helse/ PPT

 

Einingsleiar har ansvar for at det finst ein tiltaksplan for oppfølging av valdsutøvar og offer

Observatør

 

 

Føresette

 

 

 

Einingsleiar

Snarast

 

 

Snarast

 

 

 

Kontinuerleg

Kommunale mobbeplanar

 

                 
 

 

 

Situasjon

Handling

Ansvar

Tidsfrist

Referansar

10.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for at ein ungdom (under 16 år) er gravid/ skal bli forelder

Observatør oppfordrar ungdom til å ta kontakt med lege og jordmor.

 

Observatør kan drøfte anonymt med helsetenesta

 

Helsetenesta vurderer vidare tiltak.

Observatør

 

 

 

Observatør

 

 

 

Jordmor/ lege

Snarast

 

 

 

Ved behov

 

 

 

Ved behov

www.amathea.no

 

11.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for at eit born eller ein ungdom opptrer seksuelt utagerande

Observatør drøfter anonymt med. Helsetenesta

 

Helsetenesta vurderar vidare oppfølging

Observatør

 

 

 

Helsetenesta

Snarast

 

 

 

Ved behov

www.ung.no

 

www.incest.no

 

12.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for eit born eller ein ungdom sin rusåtferd

Observatør drøftar med barn og føresette

 

Observatør drøftar anonymt med helsetenesta, barnevern og sosialtenesta

 

Observatør melder skriftleg til barnevernet

Føresette eller barnevernet melder evt. til politi

Observatør

 

 

Observatør

 

 

 

 

Observatør

 

Føresette/ barnevern

Snarast

 

 

Snarast

 

 

 

 

Ved behov

 

Ved behov

www.lovdata.no

 

Straffeloven

 

Barnevernslova

 

Helse- og omsorgstenestelov

 

Helsepersonelloven

 

 

               
 

 

 

Situasjon

Handling

Ansvar

Tidsfrist

Referansar

13.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for eit born eller ein ungdom sitt liv og helse (sjølvskading, sjølvmord)

Ved direkte observasjon ta kontakt med lege (akutt hjelp) eller akutteam.

 

Observatør tek kontakt med barn og føresette

 

Observatør kan drøfte anonymt med helsetenesta

Observatør/

akutt hjelp

Fastlege

 

 

Observatør

 

 

Observatør

 

Augeblikklig

 

 

 

 

Snarast

 

 

Ved behov

Rettleiar psykisk sjukdom barn og unge

 

Akutteam

 

Samtykkeerklæring helsestasjon/ barnevern

 

 

14.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for eit born eller ein ungdom sine oppveksttilhøve som følgje av psykisk sjukdom hjå omsorgspersonar

Observatør drøfter med barn og føresette

 

Observatør kan drøfte anonymt med helsetenesta

 

Observatør melder til barnevernet

Observatør

 

 

Observatør

 

 

 

Observatør

Snarast

 

 

Snarast

 

 

 

Snarast

Link rettleiar psykisk sjukdom føresette psykisk sjuke

 

Samtykkeerklæring helsestasjon/ barnevern

 

Jfr.pkt Vanskjøtsel

               
 

 

 

Situasjon

Handling

Ansvar

Tidsfrist

Referansar

15.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for eit born eller ein ungdom sine oppveksttilhøve som følgje av dårleg økonomi i familien

Observatør drøftar med barn og føresette

 

Observatør drøftar anonymt med barnevernet

 

Barnevernet tek ved behov initiativ til samarbeid mellom føresette og NAV

Observatør

 

 

Observatør

 

 

 

Barnevern

 NAV

Snarast

 

 

Snarast

 

 

 

Ved behov

 

16.

Kommunalt tilsett observerer eller blir kontakta av andre om forhold der eit born eller ein ungdom på grunn av forhold i heimen blir vesentleg skadelidande (akutt), eller om bornet er mellombels utan omsorg fordi foreldra er sjuke eller andre grunnar

Observatør meldar til barnevernet

 

Barnevernet må vurdere situasjonen og set inn naudsynte tiltak

 

Om ein ikkje får kontakt med barnevernet er det påtalemyndigheitene som har ansvaret for å prøve å løyse situasjonen (gjeld spesielt situasjonar med rus, vald el.l. i heimen.)

Observatør

 

 

Barnevernet

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Straks

 

 

Straks

 

 

 

 

 

 

 

 

Midsund kommune,

Tlf.: 71270570/71270500

Eller Molde kommune (barne- og familietenesten)

Tlf.: 71111600

 

 

 

 

 

Situasjon

Handling

Ansvar

Tidsfrist

Referansar

17.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for eit born eller ein ungdom sine oppveksttilhøve som fylgje av plutselig dødsfall i nær familie

Observatør kontaktar barn og føresette med informasjon om kommunalt sorgarbeid, og tenester innan helse

 

Om aktuelt kan støttegruppe ved kriser og katastrofar i Midsund kommune kontaktast

Observatør

Snarast

Midsund kommune, helse.

Kriseteam. Tlf. 71270559

Mob. 90145974

 

 

 

 

www.midsund.kommune/ beredskap. Leiar, ordførar

71270531

 

18.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for eit born eller ein ungdom sine oppveksttilhøve som fylgje av omsorgspersonars rusproblem

Sjå punkt 7

Observatør informere om Krisesenterteneste

 

Observatør kontaktar barneverntenesta for råd

 

Observatør leverer melding til barnevernet

 

 

Observatør

 

 

Observatør/ barnevern

 

 

Snarast

 

 

Ved behov

 

 

Snarast

www.krisesenter.com

 

www.nkvts.no

www.imdi.no

 

Evt sjå perm: Rusførebyggjande tiltak retta mot gravide og småbarnsforeldre i Midsund

19.

Kommunalt tilsett observerer, vert kontakta direkte eller gjennom andre om bekymring for eit born eller ein ungdom sine oppveksttilhøve som fylgje av omsorgspersonars valdsbruk i heimem

Sjå punkt 7

 

Observatør informere om Krisesenterteneste og politi

 

Observatør drøftar anonymt med og melder skriftleg til barnevernet

 

 

Observatør

 

 

Observatør

 

 

Snarast

 

 

Snarast

Link

www.krisesenter.com

 

www.nkvts.no

www.imdi.no

 

20.

Ved andre typar bekymring og barn og unge

Kontakt barnevernet eller helsetenesta for råd

Observatør

Ved behov

Veileder psykisk helse barn og unge

 

 

  

 

Barnevernstenesta i Midsund kommune

For kontakt med barneverntenesta:

Helse- og sosialekspedisjonen ved sjukeheimen/omsorgssenteret    tlf. 71270570

Molde kommune, Barn og familieenheten                                       tlf. 71111600

Postadresse: Molde kommune, Barnevernstenesta, Rådhuset, 6413 Molde

 

 

Om barneverntenesta

Vi viser til informasjon om barneverntenesta som ligg på heimesidene til Midsund kommune.

Barneverntenesta har ansvaret for arbeid etter Lov om barneverntenester. Føremålet med lova er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade deira helse og utvikling får omsorg og hjelp til rett tid og å bidra til at barn og unge får trygge oppvekstvilkår.

Barneverntenesta har ulike tiltak for å sikre barn og unge hjelp og omsorg. Nokre av tiltaka er frivillige hjelpetiltak, som til dømes støttekontakt, besøksheim, familie- og nettverksteam inn i familien eller opphald i institusjon for familien og frivillig plassering i ein mellombels fosterheim. Andre tiltak er tvangstiltak, som til dømes få born til behandling ved institusjon dersom foreldra ikkje syrgjer for dette sjølve, plassering av born utanfor heimen i fosterheim eller institusjon eller andre tiltak.

Ved alle tilfella må barneverntenesta gjennomføre ei undersøking der ein finn ut kva tiltak som er det rette for barnet. I ei slik undersøking innhentar ein opplysningar frå ulike instansar som har kontakt med barnet/familien. I ei slik undersøking kan det koma fram opplysningar som tilseier at andre tiltak er betre eigna til å støtte opp om barnet/familien enn det familien sjølv kanskje har bede om.

Brosjyren ”Opplysningsplikt til barnevernet og barnevernets adgang til å gi opplysninger”;

http://www.regjeringen.no/upload/kilde/bld/bro/2006/0003/ddd/pdfv/270272-web_opplysn.pdf  

 

Brosjyren ”Barnevernet til barnets beste, som seier litt om barnevernet, når du bør melde/be om råd og litt om korleis barnevernet arbeider”;

http://www.regjeringen.no/nb/dep/bld/dok/veiledninger_brosjyrer/2001/Barnevernet---til-barnets-beste.html?id=87701  

Enkelt flytskjema over saksgangen  i barnevernet

 

 

 

 

 

Grunnskulane i Midsund - skulane sitt arbeid med å sjå, forstå og hjelpe barn og unge som har det vanskeleg

 

 

Stilling

Adresse

Telefon

Mail

Rektor

Midsund skule

712 78140

www.midsund.kommune.no

Skule

Rektor

Raknes

skuler

71278488

 

 

Helsesyster

 

712 78146

www.midsund.kommune.no

Helse

 

 

Ved skulane er det slik at lærarane og då spesielt kontaktlærar er den som har mest kontakt med barna, og som i størst grad vil vere den som kan få bekymringar rundt barnet si velferd.

Lærar/ kontaktlærar vil i slike høve snakke med barnet. Lærar vil ta kontakt og drøfte dette med kontaktlærar, som kontaktar foreldra. Kontaktlærar kan og diskutere sine bekymringar med rektor og evt helsesyster anonymt i første omgang.

Om bekymringa held seg, og kontaktlærar ikkje kjenner seg trygg på at barnet får den hjelp det har behov for, melder kontaktlærar til rektor som vurderer og evt. skriv bekymringsmelding til barnevernet, kontaktar PPT osv.

Opplæringsloven

Kommunale mobbeplanar

Spesialpedagogisk plan for Midsund

 

Barnehagane i Midsund - korleis sjå, forstå og hjelpe barn og unge som har det vanskeleg

 

Stilling

Adresse

Telefon

Mail

Einingsleiar

Gjerdet Barnehage

712 78215

www.midsund.kommune.no

Barnehage

Einingsleiar

Midsund barnehage

712 79852

 

 

Eigarrepr.

Anitas familiebarnehage

712 79781

 

Helsesyster

Midsund Helsesenter

712 70550

www.midsund.kommune.no

Helse

 

 

Når det gjeld teieplikt og medverknad frå føresette er dette nedfelt i eigne paragrafer i Barnehagelova , og gjeld alle tilsette. Opplysningsplikt til barnevern er også nedfelt der.

Når det gjeld oversyn over ulike prosedyrar i denne perm, fungerer det i barnehagen slik  at alle er ansvarlege for å observere, jfr kommunalt tilsette, men det er pedagogisk

leiar evt. einingsleiar som tek dette vidare utad, jfr. ansvar, til føresette osv.

Til barnevern, politi, ppt osv er det einingsleiar som melder og er ansvarleg. Dette i nært samarbeid med pedagogisk leiar.

Ved mistanke om seksuelle eller fysiske overgrep, vil vi melde direkte til politi som alarmerar lokalt barnevern.

Sjå nærmare informasjon og i Midsund kommune barnehagevedtekter.

Barnehageloven

 

Midsund Fritidsklubb - korleis sjå, forstå og hjelpe barn og unge som har det vanskeleg

 

Stilling

Adresse

Telefon

Mail

Fritidsklubbleiar

Idavoll

47339716

Ta-voe@online.no

 

Rådgjevar, oppvekst

Kommunehuset

712 70532

www.midsund.kommune.no

skule

Helsesyster

Midsund helsestasjon

712 79123

www.midsund.kommune.no

Helse

 

Midsund Fritidsklubb vart skipa i august 2001, og hadde dei første åra eit omflakkande liv med aktivitet ein gong i veka på Midsund Kro og sidan Midsund skule fram til hausten 07.

Kommunen gjorde vedtak om investering i klubblokalar ved ungdomshuset Idavoll sentralt i Midsund i desember 2006. Arbeidet starta opp våren 2007, og klubben var klar til innflytting i 6.desember 2007.

Klubben er eit lavterskel tilbod til barn og ungdom i alderen 10-18 år, og har så langt ope kvar torsdag gjennom skuleåret frå kl 1700 til kl 2200. Klassane 5.og 6. kan vere der til kl 1930, og dei eldste til kl 22.00. Klubben gjev tilbod om ulike aktivitetar.

 

www.midsund.kommune.no

Ung info

Helsestasjonen sitt arbeid med å sjå, forstå og hjelpe barn og unge som har det vanskeleg

 

Stilling

Adresse

Telefon

Mail

Leiande helsesyster           

Midsund Helsesenter

71270560           

helsesoster.midsund@start.no

Helsesyster

Midsund Helsesenter/ Midsund skule        

712 79123

 

Kommunelege 2/ helsestasjonlege

Midsund Helsesenter

712 70550

legekontoret@midsund.nhn.no

Psykiatrisk sjukepleiar

Midsund Helsesenter

712 70559

 

 

 

Jordmor

Midsund Helsesenter

712 70588

legekontoret@midsund.nhn.no

 

Kommunelege/ skulelege

Midsund Helsesenter

712 70550

 

 

www.midsund.kommune.no

helse

Tidleg intervensjon

Helsestasjonen har frå mai 2007 arbeidd med prosjektet ”Tidleg intervensjon innan rusførebygging”.

 

Helsesystrene, jordmor og helsestasjonslege har i samarbeid med barneverntenesta, sosialtenesta og psykiatrisk sjukepleiar/leiar eining helse arbeidd for å utarbeide rutiner for rusførebyggjande tiltak retta mot gravide og småbarnsforeldre.

 

Gjennom det interkommunale samarbeidet innan rus, KRUS, dreg vi nytte av andre kommunar sitt arbeid innan feltet. Prosjektet avsluttast i løpet av våren 2008, ved at rutineperm er ferdig utarbeidd og blir teke i bruk.

 

BUP (Barne og ungdomspsykiatrisk avdeling)

BUP har 4 faste samarbeidsmøte pr år med fagpersonane i Midsund. Det blir teke opp generell problematikk og spørsmål om arbeidsmetodar.

 

BUP gjev informasjon om enkeltsaker. Ein har og høve til å drøfte barn som  ikkje har hjelp frå BUP – anten anonymt eller etter samtykke frå føresette.

 

Frå Midsund kommune er desse med på samarbeidsmøta med BUP:

Felles generell del av møtet: Psykiatrisk sjukepleiar, helsesystrene, kommunelegane, barnevern og PPT.

 

Ved informasjon om/drøfting av enkeltsaker:

Helsesyster og fastlege. Barnevern, PPT, rektor og kontaktlærarar blir innkalla ved behov.

 

Psykiatrisk sjukepleiar er koordinator for møta. Aktuelle saker skal meldast til ho minst ei veke før møtet.

 

Foreldre/ føresette

Føresette kontaktast ved bekymring, alt etter tema og alder på barnet/ ungdomen. Føresette kan sjølv ta kontakt med helsestenesten, skule, barnehage og eventuelt PPT om dei har bekymringar rundt borna sine.

 

Skulane

Gjennomføring av ”Program for skulehelsetenesta”. Samarbeid i enkeltsaker og om systemtiltak. Helsesystrene har faste dagar dei er tilstades ved kvar einskild skule.

Samarbeid gjennom BUP møter.

 

PPT (pedagogisk-psykologisk teneste) og barnevernstenesta

Samarbeider i enkeltsaker, deltek på møter med BUP og deltek i tverrfaglig samarbeid for førskulebarn.

 

Barnehagane

Samarbeid gjennom besøk i dei ulike barnehagane 1 gong i året etter avtale. Samtale med pedagogane om barn, dette etter samråd med føresette.

 

Fagleg rettleiing i enkeltsaker og ved gruppetematikk

 

Samarbeid i ansvarsgruppe og ved behov for hjelp frå 2.linjetenestane

 

Psykiatrisk sjukepleiar

Sjå heimesida til Midsund kommune.

www.midsund.kommune.no

Helse

 

Logoped

            Henviser barn ved behov etter samråd med føresette.

 

Tannlege

Tannhelsetenesta kallar inn til faste samarbeidsmøte 1 gong per år. Samarbeid elles ved behov.

 

Småbarnsteam (0-6 år), akutteam, Helse Midt-Norge

            Teamkoordinator, sentralbord 71 12 16 30.

 

 

Kommunelegane - korleis sjå, forstå og hjelpe barn og unge som har det vanskeleg

  

Stilling

Adresse

Telefon

Mail

Kommuneoverlege 1- skulelege

Midsund Helsesenter

712 70550

legekontoret@midsund.nhn.no

Kommunelege - helsestasjonlege

Midsund Helsesenter

712 70550

legekontoret@midsund.nhn.no

Turnuslege

Midsund Helsesenter

712 70550

legekontoret@midsund.nhn.no

 

Primært held føresette seg til legen som er fastlege til den bekymringa gjeld.

 

Bekymringar som dukkar opp gjennom funksjonen som helsestasjonslege eller skulelege, eller tema som kjem opp ved deltaking i tverrfaglege fora vil verte tatt opp med føresette og barnet sin fastlege for vidare oppfølging.

 

Legane ønskjer at føresette har ein lav terskel for å ta kontakt med helsetenestene, slik at hjelp kan kome i gang tidlegast råd.

 

Legane er knytt til Helse Midt- Norge primært, og vidare oppfølging vil primært bli gjeve frå dei.

 

I Noreg har ein ordning med Fritt sjukehusval, link til desse finn du her.

Sosialtenesta - korleis sjå, forstå og hjelpe barn og unge som har det vanskeleg

 

 

Stilling

Adresse

Telefon

Mail

Sosialleiar

 

 

 

 

 

Ei av dei viktigaste oppgåvene sosialtenesta har er å samtale med personar som av ein eller annan grunn har kome opp i ein vanskeleg livssituasjon.

 

FORMÅL:

Sosialtenesta arbeider etter Lov om sosiale tenester m.v. der formålet er å fremje økonomisk og sosial tryggleik, betre levekår for vanskelegstilte, arbeide for auka likeverd, likestilling og forebygge sosiale problem. Sosialtenesta skal arbeide for at den enkelte får høve til å leve sjølstendig og ha eit aktivt og meiningsfylt tilvære i fellesskap med andre.

 

TENESTEOMRÅDE:

Økonomisk sosialhjelp til vanskelegstilte

Økonomisk rådgjeving/gjeldsrådgjeving

Kvalifiseringsprogrammet

 

Rus

- forebygge og bidra til individuelt behandligstilbod for rusavhengige i samarbeid med

  andre instansar.

 

Boligpolitisk arbeid

- hjelpe til med å skaffe bolig til vanskelegstilte

Økonomisk sosialhjelp er lovfesta i Lov om sosiale tenester m.v. kap. 5.

Økonomisk sosialhjelp skal sikre hjelp til livsopphald, til dømes pengar til mat, kler, husleie m.m..

Økonomisk sosialhjelp vert innvilga til dei som ikkje kan syte for sitt livsopphald gjennom arbeid eller andre inntekter t.d., trygdeytingar. Økonomisk sosialhjelp kan gjevast både som bidrag og lån.

 

Det kan stillast vilkår for utbetaling av økonomisk sosialhjelp. Vilkåret skal ha nær samanheng med vedtaket, og ikkje på urimeleg vis avgrense mottakaren sin handle- og valfridom.

 

Vilkåret må heller ikkje være i strid med andre bestemmelser i sosialtenestelova eller i andre lovverk.

 

Tiltak for rusmisbrukarar

Dersom nokon treng hjelp til å komme ut av eit rusmiddelmisbruk, kan ein kontakte helse- og omsorgstenesta i kommunen.

Frivillige tiltak og tvangstiltak i forhold til rusmisbrukarar er lovfesta i Lov om sosiale tenester m.v. kap. 6.

 

Sosialtenesta kan i første omgang gje hjelp gjennom tiltak i nærmiljøet. Sosialtenesta kan tilby råd og rettleing og hjelpetiltak til rusmisbrukar og til vedk. sine pårørande/familie.

Frivillige behandlingsopplegg kan m.a. omfatte støttekontakt, støtte på arbeidsplassen, kontakt med primærhelsetenesta.

 

Dersom hjelp utanfor institusjon ikkje er tilstrekkeleg, kan institusjonsbehandling være eit alternativ. Både sosialtenesta og legetenesta kan søkje plass for behandling i institusjon innan rusomsorga.

 

Behandling i institusjon kan være både frivillig og med tvang. Vedtak om tvang vert gjort av Fylkesnemnda for sosiale saker.

 

 

Støttekontakt

Brukarar som har behov for støttekontakt er ulike, derfor må også støttekontaktane være ulike. Tensta er lovfesta i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester m.v. ka. 4.

 

Støttekontakttilbod vert innvilga til born og vaksne som har behov for den type bistand på grunn av sjukdom, funksjonshemming, alder eller sosiale vanskar.

 

 

Avlasting

Tenesta er lovfesta i Lov om kommunale helse- og omsorgstenester.

Avlasting er ei teneste som skal gje nødvendig og regelmessig fritid og ferie til pårørande som har ”særlig tyngende” omsorgsoppgåver.

 

 

 

TVERRFAGELG SAMARBEID I MIDSUND

 

 

KRUS ansvarsgruppe (Stor tverrfagleg gruppe som møtast 2 gonger i året, medio februar og september. Møtast for å oppdatere seg på oppvekstmiljøet i kommunen og velje tverrfaglege, forpliktande førebyggingsstrategiar).  Leiar helse er koordinator og ansvarleg for innkalling av gruppa.

 

Stilling

Adresse

Telefon

Psykiatrisk sjukepleiar

Helsesenteret

712 70550

Einingsleiar helse og omsorg

 

 

 

Helsesyster

Helsesenteret/ Midsund skule

712 79123

Kommunelege 1/ skulelege

Helsesenteret

712 70550

Barnevern

Omsorgssenteret/ Molde kommune

712 70570

71111600

Helsesyster

 

Helsesenteret

712 70550

Kommunelege 2/ helsestasjonslege

Helsesenteret

712 70550

Jordmor

Midsund Helsesenter – 25 %

 

Leiar for NAV

 

Midsund

70321670

PPT

Barne- og familie- enheten i Molde

71111600

Politi/ Lensmann i Sund

Lensmannskontoret i Sund (Aukra)

71171950

Einingsleiar

 

Midsund skule

71278140

Ordførar

 

Kommunehuset

712 70531

Einingsleiar

 

Raknes skule

71278488

Einingsleiar

 

Raknes barnehage

71278215

Einingsleiar

 

Midsund barnehage

71279852

Fritidsklubbleiar

Midsund Fritidsklubb - torsdager

47339716

Einingsleiar

 

Gjerdet Barnehage

71278215

Einingsleiar

 

Midsund barnehage

71279852

Leiar

Anitas familie barnehage

71279781

Leiar

Midsund Montessori skule

71279965

 

Førskuleteam i Midsund

Tverrfagleg konsultasjon til barnehagene i Midsund.

Fastlagte møter.

Viser til heimesida www.midsund.kommune.no

 

 

Stilling

Adresse

Telefon

Psykiatrisk sjukepleiar

Helsesenteret

712 70550

Barnevern

Molde kommune

71111600

Helsesyster

Helsesenteret

712 70550

PPT

Molde kommune

71111000

 

Samspelreglar for tverrfagleg arbeid i grupper

Midsund kommune har ulike typer av tverrfagleg samarbeid, der generelle problemstillingar og enkeltsaker kan drøftast. Enkeltsaker drøftast anonymt eller ope (med samtykke frå dei det gjeld).

 

  1. Midsund kommune med alle tenester kan og skal legge til rette for anonyme faglege drøftingar rundt bekymringar i tverrfagleg gruppe som er oppretta og består fast av barnevern, helsesyster, psykiatrisk sjukepleier og lege. Dette for å fremje felles forståing av kva bekymring er, og når ein bør varsle eller sette inn tiltak.
  1. Skal drøftingane skje ut i frå kjent identitet, skal dette vere med samtykke etter  gjeldande lovverk.
  1. Ved behov for fleire tenester/meir kompetanse i den tverrfaglege gruppa vil andre bli trekt med etter behov og i forståing med den det gjeld og denne sine pårørande.
  1. I enkeltsaker kan ein opprette ansvarsgrupper, der den det gjeld deltek saman med representantar for aktuelle hjelpeinstansar. Dersom det er behov for og ynskje om individuell plan skal denne utarbeidast i denne gruppa. 
  1. 1 gong i året skal den store ressursgruppa KRUS møtast, med representantar frå sosialtenesta, God helse/ KRUS, skulane, barnehagane, helsestasjon, psykisk helse, legene, politi, barnevern, fritidsklubb, rådmann og ordførar for å evaluere det førebyggjande arbeidet for barn og unge. Her legg ein òg opp strategiar ut frå gjeldande problemstillingar i vårt lokalsamfunn. I dette forum drøftast alle saker anonymt.
  1. Tverrfaglig gruppe (sjå pkt a) skal styrast av ein fast koordinator. Koordinator er  kontaktperson for førespurnadar til gruppa. Koordinator kallar inn og følgjer opp at gruppa møtast og fungerer.

 

 

Skjemabibliotek

 

 

 

 

Link-bibliotek

Hjelpetelefonar;

  • Røde Kors telefonen for barn og unge                800 333 21
  • Mental helse hjelpetelefon                                    810 300 30           www.mentalhelse.no
  • Homofiles ungdomstelefon                                  810 00 277           www.llh.no
  • Voksne for barn – Bekymringstelefon                               810 03   940         e-post bekymring@vfb.no

 

 

Hjelpetenester på nettet;

  • Klara Klok (helsepersonell svarar på spørsmål i frå ungdom om helse, forhold/ familie, rusmidlar og seksualitet)                                                                          www.klara-klok.no
  • Røde Kors;                                                                                             www.korspahalsen.no
  • Si det med ord (Mental Helse)                                                            www.sidetmedord.no

 

 

Meir informasjon om ungdom og psykisk helse;

  • Psykisk helse i skolen;                                                                           www.psykiskhelseiskolen.no
  • Sosial og helsedirektoratet;                                                                  www.shdir.no eller www.psykisk.no
  • Statens informasjonsside til ungdom (egne temasider om psykisk helse) www.ung.no
  • SUSS –Senter for Ungdom, Samliv og Seksualitet,                         www.suss.no
  • Rådgivning for spiseforstyrrelser                                                         www.nettros.no
  • Rådet for psykisk helse (egne temasider for/ om barn og unge,   www.psykiskhelse.no
  • Stiftelsen Psykiatrisk Opplysning                                                        www.psykopp.no
  • Mental Helse Ungdom;                                                                         www.mhu.no  www.mentalhelse.no
  • Voksne for Barn                                                                                     www.vfb.no
  • BUF-etat (Barnevern)                                                                           www.bufetat.no
  • Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress             www.nkuts.no
  • ADHD-foreninga                                                                                    www.adhd-foreningen.no
  • Heimeside for deg som har foreldre med psykisk sjukdom           www.morild.org
  • Landsforeningen for seksuelt misbrukte                                           www.blalys.no
  • Senter for misbrukte kvinner og menn                                                              www.evas-stottesenter.no
  • Stiftelsen Fellesskap Mot seksuelle overgrep (tilbud til seksuelt misbrukte barn)                                                                                                                                                        www.fmso.no
  • Landstelefonen mot incest og seksuelle overgrep                            www.incest.no
  • Regjeringa sine offisielle sider                                                              www.regjeringen.no
  • Det offentlige Noreg sine nettsider                                                      www.odin.dep.no
  • Bergensklinikkene(rusproblematikk)                                                 www.bergenclinics.no
  • Kirkes SOS                                                                                               www.kirkens-sos.no
  • Et nettsted for barn av rusmisbrukere                                                www.barnogunge.no

Ungdomsinformasjon i Møre og Romsdal fylke                                        WWW.UNGWEB.NO

Sist oppdatert: 14.05.14